Varsel om oppstart mindre reguleringsendring

I medhald av plan- og bygningslova §§12-8 og 12-14 varslar vi med dette oppstart mindre endring av gjeldande reguleringsplan gnr. 35 bnr. 4 og 18 m.fl. Nedre Golta i Sund kommune - planID 20070008.

Planområdet utgjer om lag 25 daa mellom Goltavegen og Goltosen på Nedre Golta. Då føremåla som er aktuelle for endringa ligg spreidd og gjeldande plankart ikkje er digitalt er det i dialog med sakshandsamar Sund kommune valt å melde oppstart for heile området i gjeldande plan.

I overordna plan, kommuneplanen sin arealdel 2011, er området avsett til «fremtidig fritidsbebyggelse». I gjeldande reguleringsplan, vedteken 2007, er området regulert til fritidsbustader, naustområde og herberge/bevertning, jf. utsnitt av plankart under. Intensjonen med reguleringsendringa er å justere plasseringa til nokre av føremåla innanfor planområdet for å samle dei betre, samt å legge parkering lenger vekk frå strandsona. Vidare ønsker ein å ta ut føresegner om at bygningane skal oppførast med saltak. For meir informasjon om endringane visast det til vedlagte skildring. 

Helga og Jørgen Golten Thue er forslagsstillar. Utførande plankonsulent er En Til En Arkitekter AS.

Merknader til oppstart

Innspel og merknader kan sendast skriftleg innan 03.11.2017 til

En Til En Arkitekter AS
v/ Marianne Ø. Aasebø
Øvre Korskirkesmug 2B,
5018 Bergen. 

eller via e-post til
marianne@entilen-arkitekter.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottekne dokumenter vert sendt inn til kommunen saman med planframlegget. 

Vidare saksgong

Dersom planen kan handsamast som ein reguleringsendring med forenkla sakshandsaming etter PBL §12-14, er det ikkje krav til offentleg ettersyn eller kunngjering av vedtak. Informasjon om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader samt eigarar og festarar av eigendommar som vert direkte råka.

Dersom endringane av planen må gjerast igjennom ein reguleringsplan med full planprosess, vert planforslaget lagt ut på offentleg ettersyn i 6 veker etter fyrste gongs handsaming i kommunen. Det vil då vere mogeleg å kome med merknader før det vert fatta vedtak i saken. 

Planavgrensning web
Gjeldendeplan web

Vedlegg:

Gjeldande arealplankart og føresegner: